Einingsleiar plan og forvaltning
Plan og forvaltning, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Stad kommune søkjer ein tydeleg, utviklingsorientert og samlande einingsleiar for plan og forvaltning.
Som einingsleiar får du ei sentral rolle i utviklinga av kommunen og lokalsamfunna våre. Du skal leie eit kompetent fagmiljø og bidra til heilskapleg, føreseieleg og framtidsretta samfunnsutvikling og forvaltning. Stillinga inneber eit breitt ansvar i skjeringspunktet mellom fag, politikk, innbyggjarar og næringsliv.
Stad kommune er inne i ei tid med utvikling og omstilling. Kommuneplanen sin samfunnsdel for 2026-2038 peikar retninga for den langsiktige utviklinga og er eit aktivt styringsverktøy for både politiske og administrative prioriteringar. Kommunen har starta opp arbeidet med ny kommuneplan for arealdelen (KPA) med målsetjing om å ha ny arealplan på plass i 2030. Plan og forvaltning har ei svært sentral rolle i dette arbeidet.
Som vertskommune for Stad skipstunnel vil Stad kommune og plan og forvaltning vere ein viktig medspelar i å realisere verdas første skipstunnel.
Som einingsleiar har du det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for eininga som i dag har 10 tilsette. Du skal utvikle eininga i tråd med kommunen sine mål og gjeldande lov- og avtaleverk. Du blir ein del av leiargruppa innan kommunalområdet kultur og samfunn der du rapporterer til kommunalsjef. Arbeidsstad er Nordfjordeid.
Eininga plan og forvaltning har ansvar for oppgåver innan reguleringsplanar, byggesak, kart og oppmåling, geodata, landbruk, miljø. Landbruksoppgåver vert utført gjennom eit samarbeid med Gloppen kommune som er vertskommune for landbrukssamarbeidet.
Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver, og krev god fagleg og administrativ kompetanse. Som leiar må du kunne støtte og utvikle medarbeidarane i eit tverrfagleg fagmiljø og sikre at kommunen følgjer gjeldande lovverk og politiske vedtak innan dei ulike fagområda.
Du må ha evne til å motivere og inspirere medarbeidarane, og vere god til å kommunisere – både eksternt og internt. Kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar er avgjerande.
Arbeidsoppgåverleie eininga i tråd med Stad kommune sine målsetjingar
ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
ansvar for å etablere ein god samarbeidskultur der ein lærer av kvarandre
sikre at samla kompetanse i eininga er i tråd med noverande og framtidige behov
legge til rette for godt avgjerdsgrunnlag for politikk og syte for god og effektiv gjennomføring av politiske og administrative vedtak
balansere omsyn til utvikling, natur, klima, beredskap, lokalsamfunn og føreseieleg forvaltning
utvikle gode arbeidsprosessar, rutinar og digitale løysingar
ansvar for tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
fagleg, økonomisk og administrativt ansvar for eininga
Kvalifikasjonarrelevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, helst innan jus, arealplan, byggesak eller ingeniør. Relevant erfaring frå fagområda jus (plan- og bygningslova) og byggesak kan kompensere utdanning innan fagområda.
god kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og regelverk, særleg forvaltningslova og plan- og bygningslova.
leiarerfaring, eller relevant utdanning og erfaring som gjer deg godt kvalifisert til å ta eit heilskapleg leiaransvar.
god rolle-, system- og organisasjonsforståing
erfaring med planprosessar og sakshandsaming. Må kunne handsame klagesaker etter forvaltningslova og plan- og bygningslova.
god økonomi- og organisasjonsforståing
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
kunnskap og interesse for teknologi og digitalisering som verkemiddel for utvikling og effektivisering
Personlege eigenskapargod til å lytte, tillitsskapande og inkluderande
god samhandlingskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
trygg og tydeleg i leiarrolla, skape retning, struktur og framdrift
kommunisere klart og forståeleg i møte med ulike målgrupper
Vi tilbyrvarierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver
målretta satsing på tverrfagleg samarbeid og samskaping
fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
løn etter avtale
gode pensjons- og forsikringsordningar
utviklande og spennande oppgåver
eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Stad kommune har seks månadar prøvetid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden, og at referansar blir førte opp.
KontaktinformasjonAstrid Fossheim Paulsen, Kommunalsjef kultur og samfunn, 48116806, astrid.paulsen@stad.kommune.no
ArbeidsstadRådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5181610127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.