Lege i spesialisering indremedisin
AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialiteter. Tilsetjing er ønskjeleg frå snarast, og seinast frå mars 2027 for vikariat.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar,
dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen
slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i
kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø
med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har
fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss.
Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
ArbeidsoppgåverKlinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
Supervisjon/rettleiing av LIS1
Internundervisning
Utviklings- og forbetringsarbeid
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredning.
Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
Evne til fleksibilitet
Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparDu har evne til å samarbeide
Du bidreg til innovasjon
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
KontaktinformasjonJørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194046261
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 30.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.