Kontrollingeniørar E134 Vågsli-Seljestad
Statens vegvesen
- Arbeidssted
- ULLENSVANG, RØLDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillingaE134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli - Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel, med litt veg i dagen i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, og byggestart var i mai 2025.
Vi har nå drevet omlag 2,4km av den nye Røldalstunnelen og har behov for å auke bemanninga i ein slagkraftig og kompetent prosjektorganisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på omlag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare. Du vil bli del av ein hyggeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området, og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar.
Stillingane inngår i ei skiftordning på 12/16, og kontorstad vil vere prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal.
Lurer du på korleis det er å jobbe som kontrollingeniør i Vegvesenet? Her kan du lese om Marius sin kvardag som kontrollingeniør på Sotrasambandet.
https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/medarbeiderne-vare-forteller/marius-folger-opp-utbyggingsprosjekter-og-far-trafikken-frem/
ArbeidsoppgåverSom tilsett i prosjektet vårt vil du ha arbeidsoppgåver tilknytt din rolle som kontrollingeniør.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
utføre kontroll og dokumentasjon av entreprenørens arbeid og framdrift
kartlegging på stuff med dokumentasjon av kartlagt geologi og sikring i Bever mapping
bestilling og oppfølging av bergsikring
bestilling og oppfølging av injeksjonsarbeid
sikre god ivaretaking av HMS i prosjektet
utarbeide og bruke egne kontrollplaner, og følge opp entreprenøren sine egne kontroller
delta i byggemøte og relevante møter ved behov
Kjenner du deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene, og har erfaring frå prosjekt, vil vi oppfordre deg til å søke!
Kvifor skal du velja oss?Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
KvalifikasjonskravRelevant høgare utdanning frå høgskule, teknisk fagskule eller fagbrev innan anlegg- eller vegtekniske fag
Relevant erfaring fra tunnel, minimum 3 år
Kompetanse i bruk av digitale verktøy for oppfølging og rapportering
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Førarkort klasse B
Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege forutsetninger for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
Vi vektlegg:
omfattande erfaring innan tunnelarbeid
kurs i ingeniørgeologi for bygge- og anleggsledere i underjordsarbeider (NTNU) eller liknande
motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt
Vi ser etter deg som er sjølvgående, strukturert, har god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, og som trivast med å være ein påverkar. Du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Det er naturlig for deg å vere nøyaktig og kvalitetsbevisst, for du har erfart at detaljer er viktig.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Om søknadsprosessenKrav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket frå kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.