Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar

Helse og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader

Arbeidssted
ULSTEIN, ULSTEINVIK, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ledig vikariat som sjukepleiar frå dags dato til 20.08.2028. Stillinga er organisert under heimebasert omsorg, eining 2 og har base i Holsekerdalen 20. Avdelinga har ansvar for ca 50 omsorgsbustader for menneske med ulike helseutfordringar knytt til både alder og funksjon. Stillinga er i to-delt turnus med ein kombinasjon av langvakter på 12,5 time og ordinære vakter. Arbeid kvar tredje helg. ArbeidsoppgåverSikre eit godt tenestetilbod med individuell tilrettelegging og hjelp til sjølvhjelp Bidra til at brukarane skal kunne bu lengst muleg eller heile livet i omsorgsbustad Hjelp til personleg stell og pleie, ernæring, og bistand til daglege gjeremål Observere, vurdere og iverksette nødvendige tiltak, og ta ansvar for sjukepleieoppgåver til den enkelte brukar og dokumentere etter gjeldande regelverk Samarbeide med pårørande, verge, interne og eksterne instansar og fagområde. Delta i utvikling av eigen arbeidsplass og  i rettleiing og opplæring av medarbeidarar Kjenne til og etterleve rutiner i gjeldande kvalitetssystem KvalifikasjonarAutorisert sjukepleiar Ved tilbod om stilling må tilfredstillande politiattest kunne leggast fram.  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som likar ein variert arbeidskvardag med mange ulike arbeidsoppgåver er god til å fokusere på ressursar og moglegheiter framfor avgrensingar og barrierer er opptatt av å gjere ditt beste i høve til personen- bidra til livskvaliet og meistring er trygg og fleksiel med tydeleg kommunikasjon kan norsk, både munnleg og skriftleg kan arbeide like godt sjølvstendig som i team er ein lagspelar samtidig som du kan ta ansvar og eigne vurderingar er løysingsorientert er fleksibel og villig til å jobbe i andre avdelingar ved behov Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr turnus med arbeid 3.kvar helg, 100% stilling alternative turnusordningar eventuelt med langvakter ein variert og utfordrande jobb med spanande arbeidsoppgåver gode pensjons- og fosikringsvilkår regulerte løns- og avtalevilkår E-læringsportalen Glup og Veilederen.no aktiv bruk av moderne velferdsteknologi eit godt fagleg miljø med mange dyktige kollegaer KontaktinformasjonMarlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612 ArbeidsstadHolsekerdalen 20 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetaten Referansenr.: 5187066665 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 20.08.2028 Søknadsfrist: 12.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.