Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for barn?

Vindafjord kommune Skjold skule

Arbeidssted
VINDAFJORD, SKJOLD, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig ei 85 % stilling som fagarbeidar/assistent innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, med arbeid både i skulen og på SFO. Du blir ein viktig vaksenperson i barna sin kvardag og får høve til å bidra til meistring, læring, leik og gode relasjonar. Hos oss blir du del av eit engasjert arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og utvikling står sentralt. Arbeidsdagane er varierte og meiningsfulle, og du får bruke fagkompetansen din til å sjå det einskilde barnet og skape gode fellesskap. Stillinga passar for deg som likar å vere aktiv saman med barn, er trygg i vaksenrolla og ønskjer å gjere ein positiv skilnad. Kva får du jobba med hos oss? Hos oss får du jobbe med å skape ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for elevane – både i skuletida og på SFO. Du bidreg i opplæringa, støttar elevar som treng rettleiing, og samarbeider tett med lærarar og andre tilsette. Du får også vere med på leik, aktivitetar og gode opplevingar på SFO, og bidra til eit miljø der barna opplever meistring, tilhøyrsle og trivsel. Ingen dagar er heilt like, og du får bruke både fagkompetansen, engasjementet og kreativiteten din i arbeidet med barn og unge. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.  Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk Kvalifikasjonar: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller god erfaringskompetanse innan arbeid med barn. Anna relevant fagbrev kan også bli vurdert Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. Personlege eigenskapar: Du er ein trygg, varm og tydeleg vaksen. Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Du er tålmodig, fleksibel og løysingsorientert. Du tek initiativ og likar ein aktiv og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å sjå det einskilde barnet og byggje gode relasjonar. Du bidreg til eit inkluderande og trygt miljø for barn og vaksne. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som blir tilsett i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.  Slik søker du:  Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.