Overlege nyresjukdomar
Medisinske leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Medisinsk avdeling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) treng ein ny nefrolog på laget.
Vår ambisjon er å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjonar, med særleg fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø.
Den medisinske legegruppa består av om lag 60 legar og 18 LIS1-legar. Vi har spesialistar innan alle indremedisinske fagområde. Avdelinga er godkjend utdanningsverksemd innan indremedisin, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin.
Sengepostane er fagseksjonerte, og vi har òg ein eigen indremedisinsk seksjon der inneliggjande pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar blir tekne hand om.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø og heilt nye lokale. Hos oss er det kaffi i koppen, fredagsbingo, godt humør og ein kultur prega av opne dører og låg terskel for samarbeid.
Nyremedisinsk seksjon har i dag ein seksjonsoverlege og ein LIS3-lege. Endå ein LIS3-lege startar om kort tid. Seksjonen har ansvar for dialyseeiningane ved SNR Hjelset og SNR Kristiansund, nyrepoliklinikk, utdanning og felles sengepostansvar ved den indremedisinske sengeeininga.
Som overlege hos oss vil hovuddelen av arbeidet vere knytt til nyrepoliklinikken. Arbeidsoppgåvene vil elles bli nærare avtalte i samarbeid med den som blir tilsett.
Oppstart i stillinga etter avtale med leiar.
ArbeidsoppgåverNyremedisinsk poliklinikk
Undervisning i nyremedisin
Supervisjon og veiledning av LIS3
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Spesialistgodkjenning i nyremedisin
Meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
Erfaring fra nyremedisinsk avdeling vektlegges
Personlege eigenskaparDu er positiv
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Du jobbar godt aleine og i team
Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
Du er strukturert og fleksibel
Du deltek aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for eit godt arbeidsmiljø
Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSpesielt godt arbeidsmiljø
Sterkt faglig fokus
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
KontaktinformasjonIda Camilla Monn Birkhaug, Seksjonsleiar (lege), Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5175643885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.