Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk leiar - Stølane barnehage

Suldal kommune Stølane barnehage

Arbeidssted
SULDAL, ERFJORD, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
4. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar,  - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.  Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen.  Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn  og god mat som gjer kroppen godt.   Me jobbar saman mot målet: «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»   Om stillinga: Vi har ei 100% fast stilling frå og med 01.01.2027 og eit 80% vikariat frå og med 01.01.2027 til og med nytt barnehageår. Arbeidsoppgåver:Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar. Møtedeltaking. Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt. Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga. Samarbeid med ulike instansar. Ansvar for vurdering og dokumentering. Er du klar?  Me treng deg!  Kven ser me etter? Du har godkjent barnehagelærarutdanning.  Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.  Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.  Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.  Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.  Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.  Kraftlaget – kva får du hos oss?  Arbeidsmiljø  Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. Fleksibilitet og kvardagsliv  Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon. Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner  Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner  Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner  Utviklingsmoglegheiter  Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. Bu i Suldal  Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.  Hjå oss i Suldal kommune får du: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  Engasjerte og dyktige kollegaer  Bedriftshelseteneste  Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  Nynorsk som administrasjonsspråk  Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette  Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar  Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa  Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste  Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.