Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vikar for pedagogisk leiar i 100% stilling

Aukra kommune Bergetippen Barnehage

Arbeidssted
AUKRA, MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Bergetippen barnehage har ledig vikariat som pedagogisk leiar i eitt år frå 01.02.27. Det kan vere moglegheit for utviding av vikariatet. For å innfri nasjonal barnehagestrategi mot 2030 – Barnehagen for en ny tid, er målet at barnehagelærarar utgjer minst 60 % av grunnbemanninga. Vi har auka grunnbemanning. Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 20 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har frå hausten av sju avdelingar. Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette. I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.   Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar: Pedagogisk leiar er ansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og barnegruppe. Pedagogisk leiar har fagleg ansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa. I samarbeid med styrar og det pedagogiske leiarteamet vil pedagogisk leiar ha oppgåver som bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenester. Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn. Godt samarbeid med foreldre / føresette. Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.   Krav til søkar Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.   Språk Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg. Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage Vi tilbyr Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Tilbod om fagleg rettleiing for nyutdanna Kommunale vilkår for tilsetting Løn etter tariff Tillegg for funksjon som pedagogisk leiar er kr 39 000 Gode pensjons- og forsikringsordningar Høve til nedbetaling studielån om man er busett i Aukra kommune Høve til å søke støtte frå utdanningsfond Oppstart 01.02.27 Særskilte krav Det er krav om politiattest før tiltreding. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider. Søknadsfrist: 16.11.26 Kontaktperson Ved spørsmål ta kontakt med styrar Tobias B. Krogsæter, tlf. +4746913173. tobias.barlaup@aukra.kommune.no   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.