Formann bygg
Sogndal kommune Byggdrift
- Arbeidssted
- SOGNDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og sikre gode bygg og gode tenester for innbyggjarane i Sogndal kommune?
Sogndal kommune har ledig ei 100 % fast stilling som formann bygg ved Teknisk drift, med arbeidsstad i Sogndal.
Som formann bygg får du ei sentral rolle i drift og vedlikehald av kommunen sine bygg. Du vil planleggje, prioritere og følgje opp vedlikehaldsarbeid, leie og koordinere driftsoperatørane i Sogndal og vere eit viktig kontaktpunkt for brukarane av bygga.
Du samarbeider tett med avdelingsleiar bygg og dei andre formennene i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar både praktisk byggdrift, mindre vedlikehaldsprosjekt og administrative oppgåver. Stillinga krev at du kan arbeide strukturert og sjølvstendig, samtidig som du skaper gode samarbeidsrelasjonar.
Avdelinga drift og vedlikehald har tre utestasjonar med formenn på kvar stad og om lag 16 årsverk med driftsoperatørar. Kommunen har ein variert bygningsmasse med mellom anna skular, barnehagar, helsebygg, administrasjonsbygg og utleigebustader.
Du må rekne med å arbeide på ulike stader i kommunen ved behov.
Arbeidsoppgåver
Planleggje, prioritere og fordele vedlikehaldsoppgåver i samarbeid med avdelingsleiar bygg
Følgje opp drift og vedlikehald av kommunale bygg og tilhøyrande uteområde
Planleggje og gjennomføre arbeid knytt til tekniske anlegg, løpande vedlikehald og mindre vedlikehaldsprosjekt
Styre og følgje opp mindre byggjeprosjekt, frå planlegging til gjennomføring
Leie og koordinere driftsoperatørane for bygg i Sogndal
Vere første kontaktpunkt for brukarane av bygningsmassen og leggje til rette for godt samarbeid og god dialog
Følgje opp timelister for driftsoperatørane og kontere fakturaer
Bidra til implementering og oppfølging av FDV og internkontrollsystem
Rettleie og lære opp kollegaer i relevante system og digitale verktøy
Utføre andre administrative oppgåver innan ansvarsområdet
Kven ser me etter?
Me ser etter ein strukturert og løysingsorientert medarbeidar som trivst med å planleggje og følgje opp oppgåver, samarbeide med andre og finne gode praktiske løysingar. Du må kunne veksle mellom praktisk byggfagleg arbeid, koordinering og administrative oppgåver.
Drift og vedlikehald av kommunale bygg blir i aukande grad styrt gjennom digitale fagsystem og elektroniske hjelpemiddel. Som formann vil du ha ei viktig rolle i å ta i bruk, utvikle og følgje opp desse verktøya i det daglege arbeidet. Dette omfattar mellom anna bruk av FDV system, internkontrollsystem og andre digitale løysingar som er nødvendige for å oppfylle krav til dokumentasjon, planlegging og forvaltning.
Me søkjer difor ein person som ser verdien av digitale arbeidsprosessar, og som kan motivere og rettleie medarbeidarane til å nytte systema på ein god og effektiv måte. Evna til å skape forståing for og eigarskap til nye arbeidsmåtar vil vere viktig for å lukkast i stillinga.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som tømrar er ønskjeleg. Fagbrev eller fagskule innan andre relevante tekniske fag kan også vere aktuelt
Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg. God teknisk kompetanse og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Gode grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke PC, mobil og nettbrett i arbeidskvardagen
Kompetanse i vanlege kontorverktøy, til dømes Word og Excel
Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
Erfaring med leiing og koordinering av medarbeidarar
Erfaring frå ei rolle som formann, bas eller tilsvarande
Erfaring med planlegging og oppfølging av vedlikehaldsarbeid eller mindre prosjekt
Erfaring med FDV-system, internkontroll eller andre digitale system
Personlege eigenskapar
Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
Du kan arbeide sjølvstendig innanfor gitte rammer og planlegg arbeidet i dialog med andre
Du er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt
Du kommuniserer godt og byggjer gode samarbeidsrelasjonar
Du trivst med å koordinere arbeid og bidra til eit godt lagmiljø
Du er open for å lære nye system og ta i bruk digitale verktøy
Personlege eigenskapar vil bli tillagde vekt.
Me tilbyr
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med ansvar for viktige kommunale bygg
Ei sentral rolle i eit godt fag og arbeidsmiljø
Gode pensjons og forsikringsordningar
Velferdsordningar i tråd med kommunen sine avtalar
Løn etter gjeldande tariffavtale. Forventa årsløn kan vere opptil 639 600 kroner ved fullt opptent ansiennitet
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25 000 kroner i året kan vere aktuell for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen si informasjon om ordninga for meir informasjon om kvalifisering.
Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk.
I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.
Søknad og relevante vedlegg må sendast gjennom EasyCruit innan søknadsfristen.
Tiltreding etter avtale.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.