Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar

Luster kommune Luster kommune

Arbeidssted
LUSTER, GAUPNE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du gjere digitale løysingar enklare og arbeidskvardagen betre for dei tilsette i kommunen?  Me søkjer ein rådgjevar i 100% fast stilling som vil bidra til å utvikle og forbetre måten kommunen nyttar digitale verktøy og system på. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal bidra til at teknologien fungerer godt i praksis, støttar arbeidsprosessane og løyser reelle behov.  I denne stillinga får du kombinere systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing. Du skal ikkje berre følgje opp systema me har, men òg sjå moglegheiter for forbetring, finne gode løysingar og hjelpe andre med å ta dei i bruk.  Me ser etter deg som forstår samspelet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi – og som ønskjer å bruke denne forståinga til å skape konkrete forbetringar.  Om avdelinga Kommunikasjon og IKT vart oppretta i 2022 og har seks tilsette. Avdelinga arbeider med intern og ekstern kommunikasjon, systemforvaltning, digitalisering, utvikling, brukarstøtte og opplæring. Me samarbeider tett med einingane i kommunen for å forstå behova deira og utvikle løysingar som fungerer i kvardagen.  Hos oss får du ei variert rolle med høve til å påverke korleis kommunen arbeider med digitale løysingar, og til å følgje utviklingsarbeidet frå behov til praktisk bruk.  ArbeidsoppgåverDu skal bidra til at kommunen sine digitale løysingar fungerer godt, blir brukte på ein god måte og blir vidareutvikla i takt med behova i organisasjonen.  Dette inneber mellom anna å:  Forvalte og administrere digitale system.  Fange opp behov hos dei tilsette og omsetje dei til konkrete forslag til forbetring.  Delta i og følgje opp digitaliserings- og utviklingsprosjekt.  Forbetre arbeidsprosessar gjennom smartare bruk av system og digitale verktøy.  Planleggje og gjennomføre opplæring, rettleie tilsette og gi brukarstøtte.  Bidra til innføring og vidareutvikling av digitale løysingar og integrasjonar.  Samarbeide med fagmiljø og leverandørar om utvikling, forbetringar og feilretting. Bidra i daglege driftsoppgåver ved behov.  Ynskja kvalifikasjonarMe ser etter deg som har:  Relevant utdanning innan IKT, digitalisering, administrasjon eller tilsvarande. Relevant arbeidserfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanning.  God digital kompetanse og evne til å setje deg raskt inn i nye system. Du må ha forståing for ulike roller og leiing.  Erfaring med systemadministrasjon, opplæring eller brukarstøtte.  God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.   Det er ein fordel om du har erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid eller frå offentleg forvaltning. God kjennskap til Microsoft 365. Kjennskap til Visma og ACOS er òg ein fordel.  Personlege eigenskaparFor å lukkast i rolla må du vere oppteken av å forstå behova til andre og finne løysingar som fungerer i praksis. Du må også evne å ha eit overordna blikk over systemlandskapet, like å dele kunnskap og tileigne deg ny kunnskap.   Me trur du:  Tek initiativ og ser moglegheiter for forbetring og har lyst til at kommunen utviklar seg.  Arbeider sjølvstendig og samarbeider godt med ulike fagmiljø.  Jobbar strukturert og følgjer opp oppgåver frå idé til gjennomføring.  Kommuniserer godt og forklarar kompliserte tema på ein enkel måte.  Er imøtekomande, fleksibel og trivst med ei blanding av utviklingsarbeid, systemoppfølging og brukarstøtte.  Hos oss får du ei rolle der du kan kombinere teknologisk forståing med samarbeid og utvikling. Me ønskjer oss ein kollega som ser moglegheiter, skaper gode relasjonar og vil gjere digitale løysingar til ein naturleg og nyttig del av arbeidskvardagen.  Me kan tilbyArbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår. Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse. Gode moglegheiter for fagleg utvikling. Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale. Andre opplysningar Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.