Forskingssjukepleiar
PSK døgn psykose, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Helse Førde søkjer forskingssykepleiar til det regionale forskingsprosjektet NorPEPS II (The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study II).
NorPEPS II er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Prosjektet skal undersøkje om prednisolon som tillegg til standard behandling kan bidra til raskare betring ved akutt psykose hos personar med schizofreni.
Studien byggjer på lovande resultat frå ein tidlegare pilotstudie og har potensial til å gi ny kunnskap som kan bidra til å utvikle behandlingstilbodet til pasientar med psykose.
Stillinga er knytt til inkludering og oppfølging av studiedeltakarar ved Helse Førde, i tett samarbeid med forskarar og klinikarar ved dei deltakande helseføretaka.
Stillingsprosent: 50 % prosjektstilling i 36 månader (med atterhald om endeleg finansiering).
Arbeidsstad: Helse Førde
Oppstart: Snarast
ArbeidsoppgåverRekruttering og inkludering av studiedeltakarar
Koordinering av studieforløp og avtalar
Gjennomføring av studievisittar og oppfølging av deltakarar
Innsamling, registrering og kvalitetssikring av forskingsdata
Prøvetaking og handtering av biologisk materiale
Oppfølging av studieprotokoll og dokumentasjon i tråd med Good Clinical Practice (GCP)
Samarbeid med prosjektleiarar, behandlarar og andre forskingsmedarbeidarar
Bidra til trygg gjennomføring av studien og ivaretaking av deltakarane
KvalifikasjonarMå-krav
Autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Gode digitale ferdigheiter
Ønskjelege kvalifikasjonar
Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid
Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helsevern
Kunnskap om kliniske studiar
GCP-kurs eller erfaring frå arbeid etter GCP-standard
Erfaring med prøvetaking og forskingsdokumentasjon
Personlege eigenskaparVi søkjer ein medarbeidar som:
arbeider strukturert og nøyaktig
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er sjølvstendig og ansvarsbevisst
trivst med å arbeide både klinisk og forskingsretta
har interesse for forsking innan psykisk helse
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrEi spennande stilling i eit forskingsprosjekt med høg fagleg relevans
Deltaking i eit regionalt og tverrfagleg forskingssamarbeid
Nært samarbeid med leiande fagmiljø innan psykoseforsking
Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas behandlingstilbod innan psykisk helsevern
Fagleg utvikling og opplæring innan klinisk forsking og GCP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5179077870
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.