Innsatsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- KRISTIANSUND, KRISTIANSUND N, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi har no to ledige faste stillingar som innsatsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved seksjon for vakt og beredskap i Kristiansund.
Som innsatsleiar er du politiet sin øvste leiar på taktisk nivå og leier politiet sin innsats på eller ved staden der politiinnsats er nødvendig. Innsatsleiar skal koordinere innsatsen på staden mellom politiet og andre nødetatar (brann/helse), samt andre eksterne samarbeidspartnarar når dei opptrer saman i same oppdrag.
Innsatsleiar jobbar tredelt skift, på turnusliste. Vi søkjer deg med gode leiareigenskapar som har evne å sjå moglegheiter og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag, og som skapar resultat i samhandling med andre.
Kristiansund og Nordmøre byr på storslått natur. Fjell og fjord, fotball og eit levande kulturliv. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommar som vinter i nærleiken. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Kristiansund? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi oppmodar kvinner til å søkje på stillinga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter deg som evner å motivere og å leie oppdrag gjennom å vere ein god rollemodell. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum og medarbeidarane, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåvervareta politidistriktet sitt behov for innsatsleiing
operativ tjeneste i patrulje ved vakt og beredskap, i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
koordinere, styre og leie alle ressursar i innsatsområdet, også øvrige etatar og eksterne samvirkeaktørar
kvalitetssikre tjenesteutføringa i innsatsområdet, under dette politiarbeid på staden
planleggje og leie innsatsen i planlagde aksjonar og operasjonar, eksempelvis statsbesøk og offisielle besøk, medrekna kortesjetjeneste ved VIP-besøk
vere oppdatert på relevante rutinar, instruksar og planverk (PBS-III), og delta i å utarbeide, gjennomføre og evaluere operativt planverk og øvingar
rådgi andre samarbeidspartnarar
kontakt med media i samband med operative hendingar
bistå avsnittsleiar med dagleg drift, leiing og utvikling av seksjonen
vere med og utvikle ein kultur for åpenheit gjennom god leiing og aktivt medarbeiderskap
sørgje for å kvalitetssikre at HMS–arbeid blir varetatt før, under og etter oppdrag, jfr. HMS-regelverket i politidistriktet
planleggje og gjennomføre defuse/debrief etter alvorlege hendingar i samsvar med PBS I
kan påleggast andre oppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
vitnemål fra Politiskolen/Politihøgskolen
relevant og brei erfaring frå operativ tjeneste i politiet
IP4-godkjenning eller kunne få slik godkjenning
godkjent som utrykningssjåfør eller kunne få slik godkjenning
god munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne
god IKT-kompetanse og kjennskap til relevante IKT-verktøy i politiet
plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELIG
Det er også ønskjeleg med
erfaring innan innsatsleiing (vektlagt)
anna utdanning/kurs innan operativ leiing i politiet
gode kunnskapar om politidistriktet sitt plan- og instruksverk
god forståing for samfunnsoppdraget, kunnskapsstyrt politiarbeid, politiarbeid på staden og operative etterforskingstrinn
Personlege eigenskaparFor å trivast godt og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du
har god evne til å leie, rettleie og motivere gjennom å vere ein god rollemodell, og skape tryggleik for medarbeidarane
har evne til å sjå moglegheiter og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag
er robust og uthalden, med dette meiner vi at du må tole å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag
har gode samarbeidsferdigheiter
har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å byggje tillit både internt og hos publikum
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen here.
Dette kan vi tilby om du vel ossei utfordrande og givande stilling for deg som vil vere med på å forme polititenestene for framtida
eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
lønn som politioverbetjent (SKO 0287) frå kr. 705 000 til kr. 740 000. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn bli vurdert.
godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for turnustenestegodtgjersle
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
mogelegheit for trening i arbeidstida
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.