Vernepleiar ved Elvebøen
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell for andre? Då kan du vere den vi ser etter!
Om arbeidsplassen
Elvebøen er ei avdeling i Miljøtenesta i Stad kommune, lokalisert på Nordfjordeid. Avdelinga har heildøgnsdrift og yter tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand, både i bufellesskap og i private bustader.
Som vernepleiar ved Elvebøen arbeider du tett på tenestemottakarane gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar.
Arbeidskvardagen hos oss er variert og byr på både faglege utfordringar og moglegheiter. Vi ser etter deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, men som også verdset tett samarbeid med kollegaer. Godt samarbeid, fagleg refleksjon og eit inkluderande arbeidsmiljø er viktige faktorar for kvaliteten på tenestene våre.
Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering, i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga.
Turnus og arbeidstid
Avdelinga har årsarbeidsplan, og stillinga inngår per i dag i ei tredelt turnusordning med dag-, kvelds- og nattevakter. Det vil vere moglegheit for langvakter frå og med neste årsarbeidsplan.
Elvebøen har eit godt samarbeid med andre avdelingar i Miljøtenesta og Meistring og psykisk helse. Samarbeidet omfattar mellom anna tryggingstiltak på natt og faste medisinvakter på tvers av avdelingane éin dag i veka.
Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing
ArbeidsoppgåverAnsvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
Kartlegge og vurdere behov
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
Rettleie studentar, lærlingar og andre
Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
Tverrfagleg samarbeid
For vernepleiar gjelder også helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering
KvalifikasjonarVernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon
Andre med treårig sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå kan også søke
I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskaparGode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Tek initiativ og ansvar
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Bidrar aktiv til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrHøve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost camilla.andersen@stad.kommune.no.
KontaktinformasjonCamilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, camilla.andersen@stad.kommune.no
ArbeidsstadElvebøen 2A
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5169240497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.