Rådgjevar/seniorrådgjevar
Kompetansesenter for distriktsutvikling
- Arbeidssted
- SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaDistriktssenteret søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn, med kontorstad Leikanger i Sogndal.
Vi ser etter deg som vil vere med på å styrkje utviklingskapasiteten i distriktskommunar og lokalsamfunn, og som trivst i skjeringspunktet mellom kunnskapsutvikling, formidling og samhandling. Du tek initiativ, byggjer relasjonar og ser moglegheiter for utvikling og innovasjon. Samtidig arbeider du strukturert og sjølvstendig, og har evne til å drive prosessar frå idé til gjennomføring.
Som rådgjevar hos oss blir du ein pådrivar for samarbeid mellom kommunar, statlege aktørar, frivillig sektor og næringsliv. Du vil arbeide med prosessar som skaper endring, og bidra til at gode idear blir omsette til praktiske løysingar. Du vil også arbeide med innspel til nasjonal politikkutvikling.
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.
Du vil jobbe mykje med å
utvikle, systematisere og formidle kunnskap om samfunns- og distriktsutvikling
initiere og gjennomføre utviklingsprosessar saman med kommunar og andre aktørar
bidra til læring, innovasjon og erfaringsdeling på tvers av sektorar og geografiske område
omsetje innsikt og analyse til relevante råd, verktøy og faglege innspel
samarbeide tett med kollegaer på tvers av fagområde og kontorstadar
halde innlegg og presentasjonar, delta i prosjekt og arbeidsgrupper og dele kunnskap i organisasjonen
gi faglege råd til departement og andre nasjonale aktørar t.d. gjennom høyringssvar og oppsummeringar av kunnskap
skriving for nettsida vår i samarbeid med kommunikasjonsrådgjevarar
utvikle Distriktssenteret sine verktøy, metodar og kunnskapsressursar
Vi ser etter deg som
er analytisk, relasjonssterk og utviklingsorientert
har relevant høgare utdanning på masternivå innan samfunnsplanlegging, offentleg forvaltning, endringsleiing, innovasjon og omstilling i offentleg sektor, kommunal styring og leiing eller kommunikasjon. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
kan vise til relevant arbeidserfaring frå offentleg sektor eller arbeid med kommunar som målgruppe
har god digital kompetanse og erfaring med digitale arbeidsverktøy
har god munnleg og skriftleg formidlingsevne og kan skrive både nynorsk og bokmål
Det er ein fordel om du har
erfaring med prosessleiing eller prosessarbeid
kjennskap til omstillings- og endringsarbeid i offentleg sektor og kommunane si samfunnsutviklarrolle
evne til å omsetje kunnskap til praktisk nytte for kommunar, verkemiddelaktørar og andre samarbeidspartnarar
Personlege eigenskapar vi legg vekt på:
Vi ser etter deg som byggjer gode relasjonar og skaper resultat saman med andre.
Du kommuniserer klart og tilpassar bodskap til ulike målgrupper.
Du trivst med utvikling og endring, bidreg positivt til arbeidsmiljøet og er engasjert i samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
I Distriktssenteret får dufast stilling som rådgjevar i lønnsspenn frå kr 600 000 til 750 000 eller
seniorrådgjevar i lønnsspenn frå kr 650 000 til 850 000
I særskilde tilfelle kan høgare lønn bli vurdert.
fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman
fagleg utvikling og arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
trening i arbeidstida
moderne kontorlokale i Leikanger
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Meir om DistriktssenteretDistriktssenteret skal styrke distriktskommunar si evne til innovasjon- og utviklingsarbeid, og distriktsbutikkar si overlevelsesevne. Som statleg kompetansesenter er det vår oppgåve å utvikle kunnskap, verktøy og metodar til bruk i utviklingsarbeid.
Distriktssenteret er styrt av Kommunal- og distriktsdepartementet, og har også som oppdrag å levere kunnskap til vidareutvikling av dei distriktspolitiske verkemidla departementet har ansvar for.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Alle kontora våre er moderne og er godt tilrettelagt for ein fleksibel arbeidskvardag. I Leikanger held vi til i same bygg som Digitaliseringsdirektoratet og Statens vegvesen.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.