Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ringevikar som BPA (Brukarstyrt personleg assistent) i Tyssedal

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Arbeidssted
ULLENSVANG, ODDA, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Bli ringevikar som personleg assistent (BPA) i Tyssedal – Ein meiningsfull og fleksibel jobb! Har du lyst på ein meiningsfull og variert jobb der du utgjer ein forskjell – akkurat dei dagane du har tid og høve? Vi søkjer no trygge, engasjerte og fleksible ringevikarar til ein blid, nysgjerrig og aktiv vaksen mann i Tyssedal. Han bur for seg sjølv i ein eigen tilrettelagd bustad, og har behov for tett oppfølging og støtte i kvardagen. Du vil bli ein sentral støttespelar for å bidra til eit godt og sjølvstendig liv, både i heimen og ute på aktivitetar. Om vaktene Som ringevikar blir du kontakta ved: Sjukdom og fråvær i det faste teamet. Ekstra behov i samband med helger, feriar og liknande. Eventuelle lengre vikariat ved behov. Vaktene vil inkludere langvakter på inntil 12,5 timar på dagtid, og nattevakter på intill 12 timar.  Kva inneber jobben? Som personleg assistent er du med på å leggje til rette for eit aktivt og sosialt liv. Han elskar fysisk aktivitet og gode opplevingar, og du følgjer han dit han er – heime, ute, på aktivitetar eller på tur. Dine oppgåver vil mellom anna vere: Aktivitet: Bli med på symjing, sykling, turar og treningssenter. Sosialt: Følgje til kino, fritidsaktivitetar og sosiale hendingar. Meistring og struktur: Bidra til tryggleik og gode rutinar i kvardagen, inkludert praktiske gjeremål i bustaden. Samarbeid: Jobbe tett med arbeidsleiar og det øvrige teamet rundt brukar. Kven passar som ringevikar? Vi ser etter deg som er i god fysisk form og som trivst med å jobbe tett på menneske. Du treng ikkje helsefagleg utdanning, då personleg eignaheit, omsorg og god kjemi veg tyngst. Full opplæring vil bli gitt, slik at du kjenner deg trygg i arbeidsoppgåvene. Vi søkjer deg som: Er fleksibel og kan stille på kort varsel. Er trygg, stabil, pliktoppfyllande og sjølvgåande. Har godt humør og er løysingsorientert. Har førarkort klasse B (ønskeleg). Snakkar godt norsk. Kan handtere ein variert kvardag og halde deg roleg i ulike situasjonar. Kvifor bli ringevikar hos oss? Du får ein meiningsfull jobb der du gjer ein konkret forskjell. Fleksibel arbeidstid som passar utmerka for studentar, deltidsarbeidande eller andre som vil jobbe ekstra. Ein aktiv arbeidskvardag fylt med variasjon og gode opplevingar. Eit trygt, inkluderande og samarbeidsorientert arbeidsmiljø. Praktisk informasjon: Arbeidsstad: Tyssedal. Politiattest: Krav om gyldig politiattest før tilsetjing. Oppstart: Snarast. Søknad og kontakt: Søknader blir vurderte fortløpande, og oppstart skjer etter avtale. Vi oppmodar deg til å søkje så snart som mogleg!   Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.