Dagleg leiar Os sokn
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 13. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å forme framtida for kyrkja i Os?
Os sokn søkjer ein engasjert og tydeleg dagleg leiar som vil få ei sentral rolle i ein levande kyrkjelyd.
Os sokn er stort og har eit breitt arbeid, med visjonen «Nær Kristus – nær kvarandre – nær kvardagen». I ryggen har du eit engasjert og arbeidsvillig sokneråd, dyktige og dedikerte medarbeidarar og ei støttande leiargruppe.
Os sokn er eitt av to sokn i Bjørnafjorden kommune, og fellesrådet har òg si eiga driftsavdeling. Dette gjer at dagleg leiars oppgåver er sentrert rundt kyrkjelyden i Os og Nore Neset kyrkjer, og ikkje minst kyrkjelydshuset Tunet kyrkje- og kultursenter, som Os sokn eig og som er eit kraftsentrum for frivillig aktivitet på Osøyro.
Dette er ei spanande leiarstilling for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å bidra til at kyrkja er ein relevant og open møteplass for menneske i alle aldrar og livssituasjonar.
Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å omsetje visjonar og mål til praktisk handling. Du vil arbeide tett saman med soknerådet, prestane, dei tilsette og mange engasjerte frivillige. I ein kyrkjelyd med høgt aktivitetsnivå må du som dagleg leiar også være budd på noko kvelds- og helgearbeid.
ArbeidsoppgåverDagleg leiing og administrasjon av Os sokn
Personaloppfølging av tilsette i soknet
Saksførebuing og oppfølging av vedtak i soknerådet i samarbeid med sokneprest
Økonomioppfølging, budsjettarbeid og rapportering
Delegering av oppgåver og ansvar til soknestaben og koordinering av tilgjengelege ressursar
Ansvar for drift og ivaretaking av Tunet kyrkje- og kultursenter
Bidra til vidare utvikling av kyrkjelyden sitt arbeid
Kven ser vi etter?Vi ønskjer oss ein person som:
Har relevant høgare utdanning eller relevant erfaring innan til dømes leiing, administrasjon, organisasjon eller økonomi
Erfaring med organisasjonsarbeid og frivillige er ein fordel
Er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er komfortabel med personalleiing og økonomi- og administrasjonsarbeid
Er medlem av Den norske kyrkja og deler kyrkja sitt verdigrunnlag
Vurdering av personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrEi meiningsfull og variert leiarstilling
Moglegheit til å påverke og utvikle kyrkja sitt arbeid i Os
Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og frivillige
Gode høve for fagleg og personleg utvikling
Løn etter avtale og gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Om arbeidsgivarenBjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ansvar for den lokale kyrkjeverksemda i Bjørnafjorden kommune. Os sokn er eit aktivt og mangfaldig sokn med eit breitt tilbod innan gudstenesteliv, trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid, musikk og frivillig arbeid. Det er per i dag tre prestar som har tenestestad i Os sokn, sokneprest og to kapellanar. Soknestaben som dagleg leiar har ansvar for består av 2 konsulentar, kantor, organist, kateket, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og barne- og familiearbeidar. Ut 2027 har vi òg ein Bufdir-finansiert prosjektmedarbeidar i 70% tilknytt ungdomsarbeid.
Vil du vere med og vidareutvikle kyrkja si rolle i lokalsamfunnet? Då håpar vi å høyre frå deg!
KontaktinformasjonJon Håkon Øen, Kyrkjeverje, 91836628
Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar, 93869109
ArbeidsstedØyro 49
5200 Os
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5199101897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.