Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tannlege ved distriktstannklinikken Harøy

Distriktstannklinikken Harøy [haroy], Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
ÅLESUND, HARØY, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Jobb med utsikt mot Atlanterhavet – og ein kvardag tett på naturen Ledig, fast 100 % tannlegestilling ved distriktstannklinikken Harøy Drøymer du om ein jobb der arbeidsdagen blir kombinert med storslått kystnatur, frisk havluft og eit rolegare tempo etter arbeidstid? Då kan dette vere jobben for deg. Tannklinikken ligg i tettstaden Steinshamn på Harøya, som ligg ytst mot Atlanterhavet i Ålesund kommune, omgitt av hav, holmar og skjær. Her får du spektakulære solnedgangar, korte avstandar til fjell og sjø, og rike moglegheiter for friluftsliv – anten du likar padling, fiske, turar langs kysten eller rolege kveldar med havet som bakteppe. Harøya  og Finnøya er endepunktet langs Nordøyvegen, som knytter øyriket til fastlandet. Ona & Nordøyane - Fjord Norway ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk    Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:  kjenner stoltheit for tannhelsefaget  trivst med å jobbe med og for menneske  jobbar effektivt og sjølvstendig  har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert  ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljøJobbar effektivt og sjølvstendig Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg  Lønn etter avtale Oppdatert og fin tannklinikk  Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse  Introduksjonsprogram  Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg  Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)  Etableringstilskot og flyttetilskot Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonAre Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadAustrevegen 17 6296 Harøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5204980679 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.