Ledige vikariat som radiograf
Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 6
Stillingsdetaljer
Radiologisk avdeling i Helse Bergen er ein moderne og høgteknologisk arbeidsplass som nyttar Sectra RIS og PACS-system, og ein utstyrspark i toppklasse. Her jobbar over 350 flinke folk, kring 160 av dei er radiografar, fordelt på fleire seksjonar med eiga fagmiljø og leiing.
Seksjon for Barn/Unge CT/Generell har fleire ledige vikariat frå starten av 2027. Hovudsakleg 100% vikariat, men deltidsvikariat kan og vera aktuelt.
På vår seksjon jobbar radiografane med varierte oppgåver; konvensjonell røntgen, gjennomlysning, CT, MR, og dei bistår også radiologar med ultralyd. Det er mogeleg med både utelukkande dagtidsarbeid, eller turnusarbeid med varierande vaktbelastning.
ArbeidsoppgåverRadiograffaglege oppgåver
Merkantile oppgåver
Pasientadministrasjon
Delta i seksjonane sine interne kontrollrutinar
Delta i fagleg utvikling
Du måHa norsk autorisasjon som radiograf
Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Ha gode IKT-kunnskapar
Vi ser føre oss at duBehandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
Er strukturert, nøyaktig og påliteleg
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHege Kristin Hommedal Blom, Seksjonsleiar, +47 55975221, hege.kristin.hommedal.blom@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194101380
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.