Jurist
Helse Fonna HF
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker ein dyktig jurist til å styrke laget vårt i Helse Fonna!
Ønsker du å vere med og ivareta den juridiske kompetansen i den største og mest komplekse organisasjonen i regionen? Du vil jobbe tett saman med føretaksjuristen vår og bidra til å sikre at tenestene våre utviklar seg og blir ivaretatt i tråd med lovkrava.
Hovudområda innan juridisk rådgjeving vil vere helserett og avtalerett. Undervisning av helsepersonell og andre faggrupper vil også vere ein del av ditt arbeid, samt bistand og rådgjeving i andre juridiske spørsmål.
Kva går jobben ut på?Juridisk rådgjeving med hovudvekt på helserett, avtalerett, helseforsking og GDPR.
Sakshandsaming av innsynskrav, klagesaker og vurdering av andre rettslege spørsmål for helseføretaket.
Undervisning og rettleiing etter behov.
Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Utvikling og revidering av rutinar for å sikre etterleving av lovkrav.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
Interesse for og erfaring med avtalerett.
Interesse for og erfaring med arbeid knytt til helsevesenet.
Kjennskap til relevant regelverk knytt til arbeidsoppgåvene.
Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller sakshandsaming.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du
samarbeider godt med andre
arbeider sjølvstendig og engasjert
tilpasser deg ulike oppgåver og arbeidsmåtar
ser etter løysingar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyrFagleg og personleg utvikling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stor breidde
Regionalt juridisk nettverk
Varierte og meiningsfulle oppgåver
Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAndreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044, andreas.andreassen@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201801524
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.