Dekkssjef Aukra-Hollingsholmen
Fjord1 - Maritim Drift
- Arbeidssted
- AUKRA, MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann på vår moderne el-ferge MF Norangsfjord.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press.
MF Norangsfjord er eit stabilt og veldrevet fartøy, med engasjert mannskap som er opptatt av gode resultater. Det er eit samband med høg ruteproduksjon og mange timar i skiftplan, som gjenspeilast i lønn.
Skiftordninga er 2 veker på, 2 veker av. Ei veke dagvakter og ei veke nattevakter.
Søker bør bu lokalt.
ArbeidsoppgåverLeiar for dekksavdeling
Avløysar for skipsførar
Ettersyn på navigasjonsutstyr
Oppgåver iht alarminstruks
Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
Opplæring, utvikling og trening av personell
At mannskapet har riktig verneutstyr
At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
At kommunikasjonsutstyr er i orden
At billettering og kontroll vert utført
At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
KvalifikasjonarMinimum D3-sertifikat
GMDSS/ROC-sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskaparVi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
Attrakive velferdsordningar.
Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av
KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5182700563
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.