Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vi søkjer vikarar til sommaren 2027

Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde

Arbeidssted
STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Vi har behov for sjukepleiararstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, medisinstudentar og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2027 - 22.08.2027.  Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du jobbe med mange forskjellige diagnosar innafor indremedisin, og kan opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidligare. ArbeidsoppgåverObservasjon og måling av vitale parameter Ivareta pasientane sine grunnleggande behov knytt til pleie, omsorg og aktivitet Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (DIPS/MEONA)  Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten Todelt turnus (dag/kveld) for helsefagarbeidar og studentar KvalifikasjonarNorsk autorisasjon helsefagarbeidar/hjelpepleiar Sjukepleiarstudent  Medisinstudent Assistent med erfaring fra sjukeheim/sjukehus Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskaparDu har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du trivast i eit aktivt og travelt miljø Du er fleksibel og engasjert Vi tilbyrEin spennande og utfordrande jobb Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø   #sommarjobb #sommarjobbnordfjord #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201239959 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.