Psykiater
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ny kollega!
Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjon vår er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal.
Vi tek imot både frivillege og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen.
Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger.
Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!
ArbeidsoppgåverDiagnostisk utgreiing og behandling
Individuell og tverrfagleg behandling
Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
Internt samarbeid og rettleiing
Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
Pårørandesamtalar
Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
Deltaking i bakvaktsordning for overlegar
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Inneha norsk autorisasjon som psykiater eller vere i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri/rus
Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd
Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Personlege eigenskaparDu har god språkleg framstillingsevne
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
Du må ha god fysisk og psykisk helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
KontaktinformasjonIngrid Ølander, Seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197128331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.