100% vikariat barnehagelærer hos Rones barnehage
Rones Barnehage
- Arbeidssted
- SOGNDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar?
Ynskjer du å bidra til at barn får ein god start på livet?
Har du barnet i fokus, er kreativ, har stort pågangsmot og samarbeida godt?
Då har du ein unik moglegheit!
Ein av pedagogane vår går ut i permisjon. Rones barnehage søkjer derfor snarleg pedagog i 100% vikariat ut barnehageåret.
Kva vil du gjere hos oss?
Skape trygge, gode og utviklande dagar for barna
Planleggje og gjennomføre pedagogiske aktivitetar
Vere ein aktiv og tilstedeverande vaksen i leik og samspel
Bidra til godt samarbeid med kollegaer og føresette
Vere med og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Kven er du?
Du er utdanna barnehagelærar, eller har anna relevant utdanning
Du er engasjert, varm og tilstadeverande
Du likar å vere aktiv saman med barna - både ute og inne
Du samarbeidar godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Du er kreativ, nysgjerrig og likar varierte dagar
Me tilbyr:
Lønns- og pensjonsvilkår etter PBL sin tariff
Positivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
Ein barnehage med særpreg
Støtte til medlemskap på treningssenter
Søknadsfrist: Snarast og innan 1.oktober 2026
Spørsmål rettast til dagleg leiar Ingrid Synnøve Fønnebø.
Søknad med rettkjende kopier, vitnemål og attester sendast til:
Rones Barnehage, Helgheimsvegen 7, 6856 Sogndal eller e-post: post@ronesbarnehage.no
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.