Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sauda ungdomsskule har ledig stilling som

Sauda kommune Sauda ungdomsskule

Arbeidssted
SAUDA, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
13. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Sauda kommune har ledig fast 100% stilling som lærar ved Sauda ungdomsskule frå 01.01.2027. Vi søkjer fagleg engasjert og motivert lærarar som vil bidra aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og medverke til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø. Sauda ungdomsskule har 177 elevar ArbeidsoppgåverUndervisning i ulike fag på ulike trinn Bidra aktivt i skulen sitt kollektive kompetanseutviklingsarbeid Samarbeid med føresette, kollegaer og eksterne partnarar KvalifikasjonarGodkjent utdanning for å bli tilsett i lærarstilling Relevant kompetanse i undervisningsfag Det er ulike behov for undervisningskompetanse, aktuell undervisningskompetanse kan vere: norsk, matematikk, engelsk, spansk, tysk. Andre fag kan også vere aktuelle. Gode digitale dugleikar - me nyttar læringsbrett i opplæringa God norskkunskapar, munnleg og skriftleg Me søkjer etter deg somByggjer gode relasjonar og skapar eit trygt og godt klassemiljø Motiverer for læring gjennom variert og praktisk undervisning Er tydeleg, positiv og utviklingsorientert Har ambisjonar på vegner av alle elevane Brukar teknologi i undervisninga Samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer Bidreg aktivit til skulen si utvikling Personlige dugleikar vil bli vektlagt. Me kan tilbyRettleiing for nyutdanna lærarar Ein spanande og variert jobb Pensjonsordning i SPK Gode forsikringsordningar TilsettingsvilkårTilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga. Søknad sendesSauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no. Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jfr. offentlighetsloven §25. Velkommen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.