Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi
Åsane vgs, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BERGEN, ULSET, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg avdelingsleiar til Åsane videregående skule. Avdelingsleiar må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa innan avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Det er forventa at avdelingsleiar er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Den som vert tilsett har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.
ArbeidsoppgåverBidra med å utvikle skulen og avdelinga i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
Bidra til å vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
Leie strategi- og utviklingsprosessar i avdelinga
Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
Personalleiing
Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
Økonomistyring
KvalifikasjonarDen som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Det er ønskjeleg at du:
har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
forståing for god økonomistyring
har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskaparDin leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
Vi tilbyrgivande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
løn etter avtale
fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.KontaktinformasjonJens-Petter Storheim, rektor , 90187612
Kerstin Solveig Karlsen, ass. rektor , 47848147
ArbeidsstadÅsane senter 52
5116 Ulset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208929597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.