Vikar som prostiprest i Ryfylke prosti
Stavanger bispedømmeråd
- Arbeidssted
- SAUDA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Prostipresten har gudstenester både i Sauda, og inngår hovudsakleg i gravferdsturnus med sokneprestane i Sauda. Nokon tenester kan bli lagt til Ryfylke prost. Sauda har omlag 50-60 gravferder på eit år. Prostipresten kan påleggast noko arbeid med konfirmantar både i Sauda. Prostipresten deltek på prostisamlingar (om lag 10 i året) og gjer teneste etter dei planane som gjeld i prostiet. Prostipresten deltek i beredskapsordninga slik den er ordna i Stavanger bispedøme.
Dersom søkjaren har evne og kompetanse kan det blir tenester i Sandeid fengsel.
Ryfylke kan by på flott natur og ei kyrkje som framleis er godt forankra hos folk flest. Kommunane i Ryfylke har lagt svært godt til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Sauda (ca. 4500 innb.) har attraktive skisenter og nye symjehallar. Det er og eit svært aktivt musikk- og kultur miljø i regionen. I begge kommunane er det eit godt samarbeid med mellom kyrkja og kommunen. Sauda sokn har tatt initiativ til ein årleg «Barn-er-bra-festival» i samarbeid med Sauda kommune og hjørnesteinsbedrifta Eramet. Sauda har fylgjande stillingar i tillegg til prostipresten: sokneprest, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon. Suldal har 4 sokn: Jelsa, Erfjord, Sand og Suldal. Suldal har to sokneprestar, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon.
ArbeidsoppgaverGjera prestetenesta i samsvar med tenesteordningar for prestar og fengselsprestar i Den norske kyrkja.
Gå inn i gudstenesteturnus og gravferdsturnus med prestane i Ryfylke.
Gå inn i beredskapsordninga i Ryfylke prosti.
Anna kyrkelydsarbeid i Sauda og Suldal kan inngå i stillinga
KvalifikasjonerCand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande.
Krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Personlige egenskaperKan inspirere og motivere gjennom forkynning, sjelesorg og samarbeid.
Har evne og vilje til samarbeid.
Evne til å ta initiativ og arbeida både målretta og sjølvstendig i godt samspel med stab og sokneråd.
Evne til å kunne kommuniserer med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar.
Erfaring med sjelesorg.
Vi tilbyrStillingen vert løna etter gjeldande reglar.
Arbeidsgjevar kan hjelpa til med å finna bustad og vil dekka husleiga.
Vanlige regulativmessige godgjeringar.
Skyss- og telefongodtgjersler etter gjeldande satsar.
Pensjonsinnskot og medlemskap i KLP etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja.
Andre opplysninger
Tilsettinga vert gjort på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan influera på gjeremålet til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt.
Målforma er nynorsk.
Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Søknad om å få namnet unnateke frå offentleg søkjarliste nmå grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlaget etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
Stavanger bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
KontaktinformasjonThor Pundsnes, Prost, 99389597, tp853@kyrkja.no
Astrid Apalset Vassbør, HR-sjef, 91198483, av467@kirken.no
ArbeidsstedToppadalen 3
4200 Sauda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmeråd
Referansenr.: 5206747036
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.