Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Akuttsjukepleier/sjukepleier

Felles akuttmottak, Haugesund sjukehus

Arbeidssted
HAUGESUND, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

✨ Vil du jobbe der det skjer – og der du får brukt både hovudet og hendene? I Felles akuttmottak tek vi imot rundt 60 pasientar i døgnet – alt frå små skadar til kritiske situasjonar. Her er tempoet høgt, fagmiljøet sterkt og samarbeidet tett. No har vi ei fast stilling og eit vikariat ledig frå 01.10.26, og vi ser etter deg som trivst når dagen ikkje er heilt forutsigbar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver, eit inkluderande og støttande team og moglegheit til å utvikle deg fagleg kvar einaste dag! Hos oss er ingen dagar like – og nettopp det gjer jobben så givande. 👉 Søk i dag – vi gler oss til å høyre frå deg! Kva går jobben ut på?Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for akutt hjelp. Samhandling i tverrfaglege team. Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette. Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for 12-timars turnus. Kva kompetanse er viktig i rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Ønskeleg med vidareutdanning i akutt­sjukepleie. Ønskeleg med 2 års erfaring frå akuttmottak dersom manglande vidareutdanning. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar samarbeider lett med andre, men tek òg sjølvstendige val tek ansvar og bidreg aktivt i kvardagen kommuniserer tydeleg og med omtanke møter andre med respekt, deler kunnskap, og er med på å skape ei positiv stemning i avdelinga. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du ei variert stilling der du får brukt faget ditt – og utvikla deg vidare gjennom nye oppgåver og erfaringar i kvardagen høve til 12-timars turnus (etter avtale og i tråd med gjeldande ordningar) eit arbeidsmiljø med godt samhald – der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og har det triveleg på jobb Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTrude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5179584329 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 29.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.