Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Reinhaldar, fast 100% stilling

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Hospitaldrift Reinhald har ledig ein 100% fast stilling som reinhaldar/assistent frå 01.11.2026. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815  medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger. Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette. Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.  ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald i sjukehuset og andre reinhaldsrelaterte oppgåver Arbeidstid er: turnus- dag/kveld, kvar 3.helg Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver KvalifikasjonarDet vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet Personlege eigenskaparVi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Godt arbeidsmiljø Bedriftsidrettslag Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGintare Hidalgo, Seksjonsleiar, 48614211 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185635355 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.