Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling

Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ønsker du ei leiarrolle i eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i Noreg?   Vi søker ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.   Om avdelinga:  Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar.   Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innan nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi. Legar tilsett ved PET-senteret og Brystdiagnostisk senter (BDS) har eigen leiar, alle andre legar ved avdelinga vert leia av Seksjonleiar lege.   Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar.   Avdelinga har om lag 340 tilsette, deriblant om lag 88 legar, inkludert LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innan radiologisk forsking og i implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk.   Om stillinga: Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinskfaglege drifta ved avdelinga (med unntak av PET senteret og BDS) og ha økonomiansvar for legeseksjonen. Du vil vere ein del av avdelinga si leiargruppe og jobbe tett med avdelingsdirektør, seksjonsleiarar og nøkkelpersonell for å sikre høg kvalitet på tenesta, pasientsikkerheit, fagutvikling og forsking innan dei til ein kvar tid gjeldande økonomiske rammane. ArbeidsoppgåverAnsvar for å sikre ei trygg og ansvarleg radiologisk verksemd i tråd med sjukehusets og avdelingas til ein kvar tid gjeldande behov og ramme Sikre fagleg leiing og utvikling av avdelinga innanfor gjeldande økonomisk ramme i tråd med sjukehuset sin strategi Personalansvar for overlegar og fagleg rettleiing for LIS-legar ved seksjonen i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege. Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal og effektiv pasientflyt Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av KI-verktøy og digitale løysingar Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostiske tenester Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum Vi ser etter ein fagleg sterk og engasjert leiar med følgjande kvalifikasjonarSpesialist i radiologi med norsk autorisasjon Erfaring med organisering av radiologiske tenester Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon Det er også ønskeleg at søkar har erfaring eller kjennskap til: Leiing eller sterk interesse for leiarutvikling Forskingsarbeid med gjennomført PhD Kvalitetsforbetring og innovasjon Ressursstyring, arbeidstidsplanlegging, økonomistyring og bruk av kunstig intelligens i radiologi Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for faget, til å søke. Personlege eigenskaparEvne til å motivere og utvikle medarbeidarar Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og økonomistyring Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil Sterke samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet Vi tilbyrEi sentral leiarrolle i ei av dei mest avanserte radiologiske avdelingane i landet Moglegheit til å påverke fagfeltet gjennom leiing, utvikling av drifta, innovasjon og forsking Eit sterkt leiarteam og god administrativ støtte Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling Bli ein del av vårt sterke fagmiljø – vi ser fram til å høyre frå deg! Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngfrid Helene Salvesen Haldorsen, Avdelingsdirektør, 55 97 23 27, ingfrid.helene.salvesen.haldorsen@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5208538622 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.