Helsefagarbeidar, 56% fast stilling
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga Gulen kommune har ledig 56% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, med ein kombinasjon av kort- og langvakter i vekedagane. Det er langvakter kvar 4. helg. Me søkjer helsefagarbeidar, men søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar .
Me tilbyr:
Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
Ekstra helgekompensasjon ved gjenomført vakt
Gode pensjons- og forsikringsordningar
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Arbeidsoppgåver Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling.
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest ved tilsetjing
God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.