Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tilkallingsvikar

Kvinnherad kommune Undarheim barnehage

Arbeidssted
KVINNHERAD, HUSNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. des. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Tilkallingsvikar i Undarheim barnehage – vil du vere med og skape gode dagar for barna? Er du glad i barn, trivst i lag med andre menneske og har lyst til å gjere ein viktig forskjell i kvardagen? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt som tilkallingsvikar!I barnehagen vår møter du nysgjerrige, kreative og aktive barn som treng trygge vaksne rundt seg. Vi søkjer deg som er varm, positiv og engasjert, og som likar å vere saman med barn både inne og ute, i leik, læring og kvardagsaktivitetar. Vi ser etter deg som:bygg gode relasjonar til barn og møter dei med omsorg, respekt og glede samarbeider godt med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø er fleksibel, løysingsorientert og tek ansvar når det trengst kommuniserer godt med barn, føresette og personale er positiv til læring, rettleiing og kontinuerleg utvikling i arbeidet Vi tilbyrTilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar Moglegheit til å utvikle kompetanse innan arbeid med barn Gode kollegaer med hjarte for barna sitt beste Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd. Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men personlege eigenskapar vert vektlagde. Det viktigaste for oss er at du er ein trygg vaksen som ønskjer å bidra til at barna opplever omsorg, meistring, glede og fellesskap.Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!Saman skaper vi ein barnehage der både barn og vaksne får utvikle seg, lære og trivast.  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.