Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

80 % fast stilling innan praktisk bistand/heimehjelp

Skjåk Kommune

Arbeidssted
SKJÅK, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
11. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ledig 80 % stilling som heimehjelp i Skjåk kommune Vil du vere med og gjere kvardagen betre for andre? Stillinga er ledig frå 01.02.2027. Vi søkjer deg som trivst med å hjelpe andre, likar ein variert arbeidskvardag og ønskjer å bidra til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt i eigen heim. Som medarbeidar innan praktisk bistand får du ein viktig rolle i kvardagen til brukarane. Gjennom praktisk hjelp, rettleiing og støtte bidreg du til at den enkelte kan meistre kvardagen best mogleg og bu trygt og godt i eigen heim. Målet er å styrkje brukarane sine eigne ressursar og ferdigheiter, slik at dei kan oppretthalde størst mogleg grad av sjølvstende og deltaking i eige liv. Arbeidsoppgåver Arbeidet består av praktisk bistand til heimebuande brukarar i tråd med vedtak, mellom anna: Reingjering av primærrom i bustaden i tråd med vedtak Klesvask og skift av sengetøy Støtte brukarane i å nytte eigne ressursar og ferdigheiter i kvardagen Rettleiing og opplæring i daglege gjeremål for å fremje meistring og sjølvstende Motivere til deltaking og aktivitet ut frå den enkelte sine føresetnader Bidra til bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel der dette kan styrkje meistring og tryggleik Samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov Arbeidet går føre seg på dagtid og kan vere fysisk krevjande. Kvalifikasjonar Det er ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar Relevant erfaring frå praktisk bistand eller liknande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning Førarkort klasse B Godkjend politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Vi ser etter deg som har erfaring frå liknande arbeid er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst møter brukarane med respekt, omsorg og godt humør har fokus på meistring og sjølvstende for brukar er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag har gode samarbeidsevner meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg har ei generell forståing for bruk av meistringsteknologi Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr tilsetjing på kommunale vilkår løn etter avtale pensjonsordning i KLP Skjåk kommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Søknadsfrist 11.11..2026 Elektronisk søknadsskjema Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.  Vil du vite meir om oss? · Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune. Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod -- og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902). Sletting av studielån Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.  · Les meir om ordninga på lånekassen sine heimesider
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.