Ferievikar medisinsk poliklinikk sommaren 2027
Medisin poliklinikk Nordfjord, Helse Førde
- Arbeidssted
- STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. jan. 2027
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus søkjer sjukepleiar til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 28.06.2027-22.08.2027 .
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage- og tarm, hjarte, infusjon, lunge, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade.
Nordfjord sjukehus ligg sentralt til i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu.
Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.
ArbeidsoppgåverBehov for ferievikar på hjartepoliklinikk og skadepoliklinikk, men kan også vere behov ved andre poliklinikkar.
Forberede pasient til undersøkingar, hjelpe lege ved undersøkingar.
KvalifikasjonarOffentleg godkjent sjukepleiar
Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel
Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfelta
Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Du må ha evne til systematisk arbeid
Vi tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver
Opplæring
Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Trivelig arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonArnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 031
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5202499935
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.