Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rekrutteringstillegg kr. 50.000,-

Kvinnherad kommune Rosendalstunet

Arbeidssted
KVINNHERAD, ROSENDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli vår nye sjukepleiar på natt? Ved Rosendalstunet har vi no ledig ei 80 % fast nattstilling for sjukepleiar. Hos oss får du vere ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø der målet er å gje bebuarane trygg, verdig og omsorgsfull pleie. For eksterne søkjarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50 000, med bindingstid på 2 år. Oppstart snarast etter avtale. Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre. Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse. Arbeidsoppgåver Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientar Stell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleia Utføra faste tilsyn hjå heimebuande brukarar Delta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmar Legemiddelhandtering Dokumentasjon og oppfølging av tenestene Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskrav Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer Rettleiing av studentar og elevar KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskaparVi ønskjer ein medarbeidar som: Er fleksibel og løysingsorientert Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Kan arbeida sjølvstendig og strukturert Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyrEit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Godt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utvikling Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverk Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Moglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglar Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag Ekstra fordel for deg som bur i KvinnheradBur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån. Meir informasjonMeir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet PolitiattestDet er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk. Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme.   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.