Helsefagarbeidar
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå
- Arbeidssted
- HERØY (MØRE OG ROMSDAL), FOSNAVÅG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi søker etter ein helsefagarbeidar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåverpleie- og omsorgsoppgåver
miljøterapeutisk arbeid og personsentrert omsorg
observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
bidra til ein strukturert, trygg og forutsigbar kvardag
bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
samarbeid med pårørande
bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald, etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonarnorsk autorisasjon som helsefagarbeidar
vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
gode norsk-kunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapardu vert motivert av faglige utfordringer i møte med personer med demens
du tek tek ansvar for eigne oppgåver, og sikrar at dei blir utført på ein god måte
du kommuniserer klart og tydeleg, både med pasientar, pårørande og kollegaer
du er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene dine samvitsfullt
du har evna til å handtere utfordrande situasjonar, roleg og profesjonelt
du bidreg til å finne gode personsentrerte løysingar og støttande miljøtiltak
du møter pasientar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
du er trygg, rolig og føreseieleg i møte med personar med demens, og god til å bygge tillit
du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyreit faglig sterkt og støttande arbeidsmiljø
varierte og meiningsfulle arbeidsoppgaver
årsturnus
løn etter gjeldande tariffavtale
pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
fagdag i turnus
elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og meistring
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonSissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028
ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5C
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5183849090
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.