Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

50 % avtaleheimel i gastroenterologi, lokalisert i Lærdal

Helse Vest RHF

Arbeidssted
STAVANGER, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
22. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

50 % avtaleheimel for godkjende spesialist i gastroenterologi er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale.  Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere: - erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis - erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist - eigenskapar for heimelen - innretning av praksis - samarbeid med andre Det er ønskeleg at den framtidige avtalepraksisen blir etablert i lokala til sjukehuset i Lærdal, og at det blir inngått avtale om drift av praksisen med Helse Førde HF. Les meir her. Praksisen skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.  ArbeidsoppgåverAvtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal ta imot tilvisingar, medrekna øyeblikkelig hjelp, frå primærhelsetesta.   Avtalespesialisten skal også ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.  Spørsmål om lokalisering i Lærdal sjukehus kan rettast til fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug, tlf. 47 88 25 95.  Vilkår og rammerPlassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.  Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 605 000 (klasse 1) til kr. 900 500 (klasse 3).  Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar før det vert gitt tilbod om avtaleheimel.  KontaktinformasjonTorleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822 ArbeidsstadKnud Holms gate 8 4005 STAVANGER Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest RHF Referansenr.: 5189088151 Stillingsprosent: 50% Engasjement Søknadsfrist: 22.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.