Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering Radiologi

Bildediagnostikk leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen! Sjå video frå var avdeling her Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi har nyleg flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag med mykje 1-til-1 opplæring. Vi har fokus på at nye LIS3 skal få eit godt grunnlag og føle seg trygg med tett oppfølgning når dei startar med vakt.  Vi har no ledig 3 vikariat som LIS Radiologi, med oppstart 01.03.2027.   Opplæring skjer hovudsakleg på Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund. Radiologisk avdeling ved Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og det nye sjukehuset (SNR) har fylkets første 3 Tesla MR. ArbeidsoppgåverOpplæring og arbeid med røntgen, CT og ultralyd Etter kvart delta i radiologiske intervensjonar og MR-opplæring Beskrive bilete og utføre ultralydundersøkingar Kommunisere med klinikarar om undersøkingar Presentere bilete for klinikarar Deltaking i vaktordning (for tida åttedelt), med tilstadevakt og overlege i bakvakt (delvis heimevakt) KvalifikasjonarGyldig norsk autorisasjon som lege Norsk LIS1 eller fullført turnusteneste etter tidlegare ordning Meistre norsk, svensk eller dansk, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne              Personlege eigenskaparGod klinisk forståing Evne til å samarbeide tett med ulike faggrupper Interesse for fagleg utvikling og læring Personlig eignaheit vil vektleggast ved tilsetting.  Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonThomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, thomas.alexander.bremnes@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5202931774 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.