Studiekoordinator
OPK-FV - Administrasjon, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
ArbeidsoppgåverFagskulen Vestland søker etter to nye medarbeidarar i 100 % faste stilling som studiekoordinatorar ved studiestadene i Bergen. Vi ser etter deg som har studieadministrativ erfaring, og som arbeidar sjølvstendig og systematisk med oppgåvene. Personane som blir tilsett skal gje administrativ støtte til utdanningsleiarar knytt til drift av utdanningane, og bidra til god kvalitet i oppfølging av studentane. Stillingane er ein del av administrasjonen med 16 medarbeidarar.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorskKvalifikasjonarrelevant høgare utdanning på masternivå (lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning)
relevant arbeidserfaring
kjennskap til studieadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
god erfaring frå saksbehandling og god forståing for forvaltningsprosessar, regelverk og krav til kvalitet og dokumentasjon er ein føremon
gode IKT kunnskapar
god skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskaparhar gode samarbeidsevner
er initiativrik og sjølvstendig
trivst med utfordringar
nøyaktig og systematisk
Vi tilbyrHos oss får du:
ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
gode moglegheiter for fagleg utvikling
løn etter avtale
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonHege Aarethun, administrasjonsleiar, +47 99509287
ArbeidsstadHaugeveien 28
5005 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5194842269
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.