Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Me søkjer 100 % fast og inntil 100% vikar som barne- og ungdomsarbeidar

Bokn kommune Bokn barnehage

Arbeidssted
BOKN, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Fast / vikariat som Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar i Bokn kommune   Me har inntil 2 stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar frå og med 01.01.27. Fast stilling er på 100%, vikariat er inntil 100%. Bokn kommune har fagarbeidarar som er fleksible og kan veksle mellom skule og barnehage ut frå behov og barnetal.  Akkurat no er det behov for å auka bemanninga i barnehagen.   Bokn kommune har som mål å skapa eit trygt og inkluderande samfunn, som er med på å bygge opp robuste samfunnsborgarar, slik at det er kjekt å koma attende til Bokn. Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivs, lærer betre. I Bokn kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge - uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i. Bokn kommune har ny oppvekstplan. Barnehagen har utarbeida årsplan og kvalitetsdokument. Barnehagen og skulen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen og skule har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Visjon - Kvardagsglede ute og inne Bokn barnehage Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 50 barn, og 14 tilsette. Bokn skule Bokn skule er ein 1.-10. skule med 89 elevar. Kven ser me etter? Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne. Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane. Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing. Barnehagen og skulen er mykje ute på tur, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade. Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse! Kompetansekrav -       godkjend utdanning som fagarbeidar -       erfaring frå arbeid i barnehage/skule -       beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2 -       beherske digitale verktøy Som arbeidsgivar kan me tilby -       lønn etter tariffavtale -       moglegheit for personleg og fagleg utvikling -       medlemskap i offentleg pensjonsordning   Kvar skal du sende søknaden? Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillingar"  Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.   Søknadsfrist  30.11.26                               Utlyst dato       02.10.26 Kontaktperson Gina Alvestad, konstituert styrar, gina.alvestad@bokn.kommune.no Åse Bratthammer, Oppvekstsjef, tlf 95839162, ase.bratthammer@bokn.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.