Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Prosjektøkonom

Samferdselsområdet [samferdsel], Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søker etter prosjektøkonom til eit årsvikariat. Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Prosjektorganisasjonen har ei variert portefølje. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Remøybrua, Åndalsnes bru og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.  Du vil inngå i eit team med blant anna prosjektleiarar og byggeleiarar, og du rapporterer til prosjektsjefen som vil styre på porteføljenivå. Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.  Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.  Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av   fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.  ArbeidsoppgåverSom prosjektøkonom hos oss vil du:  Jobbe med koordinering og støtte til prosjektsjef, prosjektleiarar og byggeleiar i:  økonomistyring i små og store vegprosjekt  budsjett og prognoser  rapportering (månadsrapportering og årsrapportering)  bevilningsrapportering  Vere rådgjevar og drive kvalitetssikring av økonomiske data (inkl. controlleroppgåver).  Bidra til utvikling av fagområdet, herunder vidareutvikling av styringsinformasjon og rapportering.  KvalifikasjonarVi søker deg som har:  Bachelor eller master i økonomi (min. 3-årig utdanning frå universitet, høgskule eller liknande). Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.  Erfaring med økonomiarbeid innanfor bygg og anlegg er ein fordel  Personlege eigenskapar- Vilje og evne til å samarbeide med, og involvere interne og eksterne partar.  - Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg  - Du er utviklings- og løysningsorientert  - Arbeide nøyaktig og målretta.  - Sjå behov og ta ansvar.Vi tilbyr- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø - God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring - Løn etter avtaleKontaktinformasjonTorbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no Ole Jan Tønnesen, Fylkesvegsjef, 92029592, ole.jan.tonnesen@mrfylke.no ArbeidsstadJulsundvegen 9 6412 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5206062390 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 01.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.