Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Senior HR-Rådgjevar

Leirvik AS

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
31. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bidra til å vidareutvikle HR-faget i Leirvik? Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen. ArbeidsoppgaverRådgjeving og støtte til leiarar innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning Ansvar for, og vidareutvikling av prosessar knytte til tariffavtalar, arbeidstidsordningar, overtid og rotasjonsordningar Bistå i bemanningsplanlegging og rekruttering Ansvar for innleige og rammeavtalar Bistå ved omstillingar, permitteringar og nedbemanningsprosessar Samarbeid, drøftingar og forhandlingar med tillitsvalde og fagforeiningar Oppfølging av sjukefråvær og IA-arbeid i samarbeid med leiarar Koordinering og oppfølging av kompetanseutvikling og opplæringstiltak Bidra til utvikling og standardisering av HR-system, rutinar og prosessar Samarbeide tett med HR-teamet for å sikre einskapleg HR-praksis i organisasjonen KvalifikasjonerRelevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning. Solid erfaring frå operativt og strategisk HR-arbeid, gjerne frå industriell eller operativ verksemd God kunnskap om arbeidsmiljølova, tariffavtalar og kollektiv arbeidsrett Erfaring med arbeidstidsordningar, bemanning og arbeidsrettslege problemstillingar Erfaring med forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde og fagforeiningar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Personlige egenskaperEr ein tydeleg og tillitsskapande rådgjevar Arbeider strukturert, nøyaktig og løysingsorientert Har høg integritet og god rolleforståing Er sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre Vi tilbyrEi sentral rolle i utviklinga av HR-arbeidet i Leirvik Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Konkurransedyktige vilkår KontaktinformasjonJanne Ertresvåg, SVP HR & HSEQ, +47 40 21 80 11, Janne.ertresvag@leirvik.com ArbeidsstedStorhaugvegen 130 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Leirvik AS Referansenr.: 5189115162 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.