Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar ved Forskingsseksjonen, Det medisinske fakultet.

Universitetet i Bergen

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent/rådgjevar ved ForskingsseksjonenVed Det medisinske fakultet, Forskingsseksjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar (100 %) med tilsetjing frå oktober 2026 til august 2027. Forskingsseksjonen har mellom anna programansvar ph.d-utdanninga og for fakultetet sitt arbeid med forskarutdanninga. Vi søkjer ein engasjert og strukturert medarbeidar som ønskjer å bidra til høg kvalitet i saksbehandling og administrativ oppfølging av fakultetet sitt ph.d.-program. Arbeidsoppgåver:Saksbehandling knytt til ph.d.-utdanninga ved fakultetet Behandling av søknader om opptak til ph.d.-programmet Behandling av søknader om godkjenning av opplæringsdelen o.l. Saksbehandling i samband med innlevering og førebuing til disputasar Informasjon og rettleiing til ph.d.-kandidatar, rettleiarar og institutt Samarbeid med institutt og andre administrative einingar ved fakultetet Saksførebuande oppgåver for råd, utval og komitear  Bidrag til utvikling og forbetring av arbeidsprosessar og rutinar innan forskarutdanning Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.  Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha høgare utdanning på minimum bachelornivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring frå administrativt arbeid og saksbehandling  God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. God digital kompetanse og erfaring. Det er ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes Felles Studentsystem og Websak). Stilling som rådgjevar skil seg frå stilling som seniorkonsulent ved at oppgåvene og måten dei blir løyste på, er meir opne. Ein rådgjevar må i større grad sjølv leggje grunnlaget for korleis oppgåvene skal utførast, gjere vurderingar, analysere konsekvensar, trekkje konklusjonar og fremje forslag til løysingar. Fleire års relevant erfaring er difor naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar. Det er ein fordel med: Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren Kjennskap til forskarutdanning eller studieadministrative prosessar Erfaring frå offentleg forvaltning og utvalsarbeid Erfaring med regelverksforvaltning og sakshandsaming Vi søkjer ein person som:  har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar  har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter   arbeider strukturert, nøyaktig og sjølvstendig har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner har god rolleforståing og serviceinnstilling tek ansvar og har god gjennomføringsevne trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt arbeidstempo kan sette seg raskt inn i nye oppgåver Personlege eigenskapar vil bli tillagte stor vekt. Vi søkjer ein medarbeidar som arbeider strukturert og sjølvstendig, har god gjennomføringsevne og trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø. Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby:Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 615 000 – 650 000.  Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 650 000 – 700 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Tone Friis Hordvik e-mail tone.hordvik@uib.no, tlf: 97001134. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell på e-post: therese.odfjell@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.