100% Vernepleiar, Bømarka
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
- Arbeidssted
- VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet til brukargruppa.
Stillinga er knytt til seksjon Bømarka, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Bømarka har ansvar for voksne mennesker med ulike utfordingar. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus. Stillinga er ledig f.o.m. medio september.
ArbeidsoppgåverMålretta miljøarbeid med det enkelte brukar
Delta i daglege aktivitetar med brukarane
Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
Samarbeide med foreldre og andre instansar
Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
Som vernepleiar vil ein ha ansvar for handtering av legemidlar og medisinfaglege prosedyrar
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar
Andre med helse- og sosialfagleg utdanning kan søke også
Erfaring med miljøarbeid knytt til brukar gruppa i praksis er ein fordel
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
Kjennskap til teiknspråk er ønskeleg
Førarkort klasse B for manuell gir
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
IKT ferdigheiter
Tilfredsstillande politiattest av ny dato
Personlege eigenskaparDu er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyrLøn etter gjeldande tariff
Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
Tilgang på elæringskurs frå Glup
Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med andre seksjonar som ein samarbeider med rundt felles brukarar
KontaktinformasjonGry Egset Eriksen, Konst, seksjonsleiar Bømarka, 47872195, gry.egset.eriksen@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
ArbeidsstadBømarka 6
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5182845815
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 28.09.2026
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.