Rettleiar
NAV Midt-Telemark og Nome
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
ArbeidsoppgåverFor deg med pågangsmot og engasjement, og som ønsker å gjere ein skilnad, har NAV Midt-Telemark og Nome nå ledig ein 100% stilling som rettleiar på Talenthuset. Talenthuset er eit av våre tiltak for ungdom (unge under 30 år) og har som hovedfokus å få våre unge brukere ut i jobb og utdanning, slik at dei står støtt framover i livet. Vi har eit team med rettleiarar som arbeider på Talenthuset, og som saman finn gode løysninger for våre unge. NAV Midt-Telemark og Nome arbeider ut frå eit førebyggande perspektiv, og samarbeider med arbeidsgjevarar, fastlegar, tiltaksbedrifter og andre instansar i kommunen.
Arbeidsoppgåvene som rettleiar kan variere, og inneber alt frå digital oppfølging, fysiske møte på kontoret, heimebesøk eller møte hos andre samarbeidsaktørar. Som rettleiar må du ha evnen til å snu deg raskt og tilpasse dialogen og oppfølginga ut frå kvar enkelt person sin situasjon, og møte dei der det er behov. Du må se moglegheiter for brukarane. Du må motivere og legge til rette for at dei skal komme i arbeid og aktivitet gjennom rettleiing, sakshandsaming og ved bruk av Nav sine ulike fagsystem.
I søknadsteksten ber vi deg reflektere over korleis vi skal sikre at alle får tett og tidlig, heilskapleg og individuelt tilpassa oppfølging.
Vi søker deg som ser etter moglegheiter og arbeid. Du er opptatt av å ta vare på menneske, og våger deg inn i utfordrande samtaler. Du har eit stort engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag, og du tåler å stå i situasjonar som krev evne til å være strukturert i ein kvardag som aldri er lik.
Arbeidsoppgåvene kan endrast over tid, og stillinga føreset fleksibilitet og evne til å handtere endring.
KvalifikasjonarFullført relevant utdanning på bachelorgradsnivå. Utdanning innen helse- og sosialfag, humanistiske fag, juridiske fag eller samfunnsvitenskapelige fag er en fordel.
Særlig relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Norsk er arbeidsspråket vårt, og du må ha god muntlig og skriftlig fremstillingsevne på norsk på minst nivå B2.
Generelt god kompetanse på IKT- og dataverktøy
Førerkort kl B
Vi ønsker at du:
evner å ha overblikk og forståelse for NAV sitt virkeområde og samhandling med øvrige samarbeidspartnerar
har forståelse for korleis det ordinære arbeidsmarkedet kan nyttast som verkemiddel og mål for å inkludere menneske som av ulike årsaker står utenfor arbeidsliv
har evne til å drive prosesser og har et ønske om å oppnå gode faglige resultat
har god evne til å sette seg inn i unge sine utfordringar i aktivitet, utdanning og arbeid
Rettleiingskompetanse frå enten studie eller arbeidserfaring.
Personlege eigenskaparHa emosjonell styrke til å møte brukarar som er i krevjande livssituasjonar
Like å byggje relasjonar og å skape motivasjon
Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Tåle eit høgt tempo og agendaer som endras raskt
Væra eit positivt forbilde og ein god motivator
Er effektiv, målretta og strukturert
Vi legg særleg vekt på personlege eigenskaper.
Vi tilbyr:
100% fast kommunal stilling
Dyktige kollegaer og et trivelig og hektisk arbeidsmiljø
Mogelegheit til å benytte ferieleilighet i Rauland
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk i stillingskode 6599 Spesialkonsulent
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Kopi av vitnemål og attester lastes opp som vedlegg til søknaden
KontaktinformasjonTore Prestrud Astad, Avdelingsleiar, 91521241, Tore.prestrud.astad@nav.no
ArbeidsstadFolkestadvegen 21
3800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5193932256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.