Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

ID 2491 Sjukepleiar/Helsefagarbeidar - Tenester til heimebuande

Stord kommune

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å utvikle framtidas tenester til heimebuande? Send oss ein søknad. Me ser fram til å høyra frå deg! Dette er ei kombinert stilling i Sjukepleie- og meistringsteamet i Aktivitet og re/habilitering i Heimerehabiliteringsteam. Det er ledig fast 100 % stilling for autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Stillinga er delt mellom 40 % i Sjukepleie- og meistringsteamet med turnusarbeid kvar 3. helg, og 60 % i Heimerehabiliteringsteam med arbeid dagtid. Stillinga gir deg ein spennande og variert arbeidskvardag med moglegheit til å følgje brukarar gjennom ulike fasar av helsetenestene. Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og å bidra til at innbyggjarane kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Sjukepleie- og meistringsteamet består av sjukepleiarar som har eit særleg ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver til heimebuande brukarar. Teamet arbeider målretta med kartlegging, avansert sjukepleie, observasjon, behandling, rettleiing av kollega, koordinering og meistring. Heimerehabilitering er eit tverrfagleg tilbod til personar som har opplevd eit brått eller gradvis funksjonsfall som har behov for oppfølging etter sjukdom eller skade. Teamet arbeider målretta og tidsavgrensa for å styrkje brukarane si eiga meistring og sjølvstende i kvardagen. I teamet samarbeider sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar tett med brukaren. Treninga tek utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og det som er viktig i kvardagen. Målet er å styrkje funksjon, meistring og moglegheita til å vere aktiv og sjølvstendig i eigen kvardag. Me er ein organisasjon i utvikling og har samla sjukepleiarkompetansen i eit eige fagmiljø der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står sentralt. Teamet er også involvert i utvikling av sjukepleieklinikk og nye arbeidsmåtar innan framtidas heimebaserte tenester. Kvifor velje oss? Hos oss får du: Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire faggrupper Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene God opplæring og tett oppfølging Fokus på fagutvikling og kunnskapsbasert praksis Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg oppfølging av heimebuande brukarar Kartlegging, vurdering og oppfølging av helsetilstand Rehabiliterande oppfølging og meistringsarbeid i brukarane sine heimar Legemiddelhandtering og kliniske prosedyrar Samarbeid med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar Tverrfagleg samarbeid i heimerehabiliteringsteamet Rettleiing av studentar, elevar og kollegaer Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring Me ser etter deg som Er fagleg engasjert og utviklingsorientert Har gode samarbeidsevner Er sjølvstendig og strukturert Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer Har interesse for rehabilitering, meistring og tverrfagleg samarbeid Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning og/eller erfaring innan rehabilitering kan og søke God munnleg og skriftleg framstillingsevne Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera norskkunnskapar tilsvarande nivå B2 Førarkort klasse B Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt Politiattest: Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga. Me tilbyr Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen (gjeld sjukepleiar) Eit spennande og innovativt fagmiljø Varierte arbeidsoppgåver innan både sjukepleie og rehabilitering IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar Offentleg tenestepensjon Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Dersom søkjar ønskjer å bli unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om reservasjon. Søkjar vert varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.