Konsulent / spesialkonsulent – dokumentasjonsforvaltning
IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Dokumentsenteret arbeider med det daglege og løpande dokumentasjonsarbeidet i Vestland fylkeskommune, og legg til rette for god journalføring- og arkiveringspraksis i heile organisasjonen. Vi driv også med rettleiing og støtte til fagavdelingane.
Vi har no ledig ei fast stilling med kontorstad i våre moderne og funksjonelle lokale på Leikanger. Som medarbeidar i dokumentsenteret blir du del av eit stort fagmiljø, og du får bidra til openheit, kvalitet og tillit i den fylkeskommunale forvaltninga.
Dokumentsenteret er i utvikling, og vi arbeider kontinuerleg med å tilpasse oss nye behov, teknologi og arbeidsmåtar. Hos oss får du derfor ein variert arbeidskvardag, der du både bidreg i den daglege drifta og får vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, omstillingsdyktig og som trivst med å finne gode løysingar saman med andre.
Dersom du trivst med systematisk arbeid, har auge for kvalitet og ønskjer å bidra til ei profesjonell forvaltning, kan det vere nettopp deg vi er på leit etter – enten du er nyutdanna eller erfaren. Stillinga er ledig omgåande.
ArbeidsoppgåverMottak og journalføring av elektronisk og digital post, samt innskanna fysisk post og anna saksdokumentasjon
Kvalitetssikring og utlegging av offentleg journal på eInnsyn
Brukarstøtte og bistand til saksbehandlarar
Ved behov bidra med opplæring innan fagområdet og sak- og arkivsystemet Elements
Bidra til utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og tenester
Delta i utviklings- og digitaliseringsarbeid innan fagområdet
Andre drifts- og utviklingsorienterte oppgåver innan eininga sine ansvarsområde
Oppgåvene vil kunne variere i takt med utviklinga av dokumentsenteret og organisasjonen, og vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra breitt og ta del i utviklinga av fagområdet.
KvalifikasjonarUtdanning på bachelornivå med relevant fag-/emnesamansetjing, gjerne innan arkiv, dokumentforvaltning, IT eller administrative fag. Relevant erfaring kan etter vurdering erstatte formalkravet til utdanning
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
God digital kompetanse og systemforståing
Det er ønskjeleg med kjennskap til sak- og arkivsystemet Elements
Det er ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Kjenner deg igjen i verdiane open, kompetent og modig
Har interesse for fagområdet og ei positiv haldning til utvikling, digitalisering og nye arbeidsmåtar
Er omstillingsdyktig og trivst med ein arbeidskvardag i utvikling
Har stor arbeidskapasitet, er løysingsorientert og evner å samarbeide for å oppnå felles mål
Er fagleg nysgjerrig og ønskjer å dele kunnskap med kollegaer
Arbeider strukturert og nøyaktig, og har auge for kvalitet
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Vi tilbyrHos oss får du:
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og læring
Ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø i utvikling
Høve til å påverke og vidareutvikle arbeidsprosessar og tenester
Samarbeid med dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø
Løn etter avtale
Stilingskode etter utdanning og etter VLFK sine retningslinjer
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid og moglegheiter for heimekontor
Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
KontaktinformasjonElice B. G. Gandrudbakken, leiar for dokumentsenteret, 48 22 88 61
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5179618783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.