Helsefagarbeidar
Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
- Arbeidssted
- BREMANGER, KALVÅG, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du helsefagarbeidar og ønskjer deg ei trygg, fast stilling i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø? Bremanger sjukeheim har no ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer.
Vi jobbar i årsturnus, der er moglegheiter til langvakter og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.
ArbeidsoppgåverDette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:
Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov
Gje heilskapleg omsorg for eldre menneske
Vurdere og ivareta individuelle behov
Få mogelegheit til å delta i ressursgrupper og fagutvikling
Dokumentere, rettleie og undervise
Kvalifikasjonar (overskrift)Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Gjerne erfaring innan akuttmedisin
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Evne til å arbeide godt i team
Fleksibel og positiv til endringar
Politiattest av nyare dato
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
KontaktinformasjonEvy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944
ArbeidsstadGamlevegen 59
6729 Kalvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5175311682
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.