Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Reiselivskoordinator

Stryn Kommune

Arbeidssted
STRYN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
28. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa? Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator. Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet. Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane. ArbeidsoppgåverHandtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon Prosjektoppfølging Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver KvalifikasjonarErfaring frå reiselivsnæringa Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing) Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar) Det er ønskjeleg med: Interesse for lokal samfunnsutvikling Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor Personlege eigenskaparLøysingsorientert, med god evne til å kommunisere Utadvendt og serviceinnstilt Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Vi tilbyrVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg utvikling Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune. KontaktinformasjonSiv Randi Berstad, Konst.avdelingsleiar berekraft og næring, siv.berstad@stryn.kommune.no ArbeidsstadTonningsgata 4 6783 Stryn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5191279992 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.