Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Storevatn barnehage søker pedagogisk leiar i 100 % vikariat

Barnehage, Kinn kommune

Arbeidssted
KINN, FLORØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og skape ein trygg, utviklande og inspirerande kvardag for barn? Storevatn barnehage søkjer pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.02.2027 til 31.07.2027, med moglegheit for forlenging. Storevatn barnehage ligg sentralt i Florø og er ein femavdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Våren 2027 vil barnehagen ha om lag 77 barn og 21 tilsette. Vi har to-pedagogordning og eit kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen er teamorganisert, og vi arbeider systematisk i profesjonsfaglege læringsfellesskap gjennom fellestid og planleggingstid. Målet er å skape dei beste vilkåra for barn si utvikling, leik og læring. I Storevatn barnehage er vi opptekne av tryggleik, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Gjennom verktøya Start Smart og teamkontrakt arbeider vi aktivt for å byggje sterke team, gode relasjonar og ein arbeidskvardag prega av tillit, medverknad og fagleg utvikling. Barnehagen sin visjon er tryggheit, trivsel og tillit. Dette ligg til grunn for alt arbeidet vårt og skal bidra til at barn, føresette og tilsette opplever eit inkluderande fellesskap der alle får høve til å utvikle seg og meistre. Kinn kommune si satsing i 2027 er leselyst. I Storevatn barnehage ønskjer vi å knyte dette tett saman med inkluderande leik, språkstimulering og leseglede, slik at alle barn får oppleve glede, tilhøyrsle og utvikling gjennom litteratur og samspel. ArbeidsoppgåverLeie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagelova, rammeplanen og lokale satsingar Medverke til eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette Byggje og vidareutvikle eit godt samarbeid med føresette Vere ein aktiv medspelar i barnehagen sitt profesjonsfaglege læringsfellesskap Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet Delta i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av det pedagogiske tilbodet Medverke til å gjennomføre nasjonale og lokale satsingar innan oppvekstfeltet KvalifikasjonarGodkjend barnehagelærarutdanning Studentar i barnehagelærarutdanning er og velkomne til å søkje Andre med relevant høgskuleutdanning kan bli vurderte Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggjande digitale ferdigheiter Gyldig politiattest må leggast fram før tiltredning jf. barnehagelova §30 Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: Er ein trygg og tydeleg vaksen med barnet sitt beste i fokus Er raus, positiv og løysingsorientert Har evne til å skape gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer Er engasjert i leik, læring og utvikling Bidreg aktivt i fagleg refleksjon og samarbeid Arbeider sjølvstendig og tek ansvar Er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyrEit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer To-pedagogordning og tett samarbeid i team Høve til fagleg utvikling gjennom profesjonsfaglege læringsfellesskap og kompetanseheving Eigne kontorplassar, arbeidsklede og PC med løysing for gjennomføring av lovpålagd plantid Stor grad av medverknad og påverknad i eigen arbeidskvardag Løn etter gjeldande tariffavtale Kompetanseløn i tråd med kommunen sine ordningar Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP KontaktinformasjonNina Anette Steindal, Tenesteleiar Storevatnet Barnehage, +47 99635363, nina.steindal@kinn.kommune.no ArbeidsstadMarkegata 59 6900 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5209638824 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.02.2027 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 27.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.