Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Kjøkkenvert

Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
16. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna vakanse ledig 4 stillingar som kjøkkenvert i institusjonsavdelingar. Stillingsprosent er mellom 10-14 prosent, ut frå lengde på arbeidshelg.  Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskap og sjukeheim. Bufellesskap har 10 plassar for personer med kognitiv svikt og sjukeheim har 8 plassar med korttid og langtidsplassar. Kjøkkenvert stillingane er pt. innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Bufellesskap og sjukeheim er samlokalisert med med dagaktivitetssenter, heimetenester, storkjøkken og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya.  Stillingane er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene. ArbeidsoppgåverOppgåver innanfor måltid og ernæring: tilbreding, servering, opprydding og reinhald i avdelingskjøkken og fellesrom.  Trivselstiltak for bebuarar. Samarbeid med helsepersonell i avdelinga KvalifikasjonarGode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg, nivå B2 Kunne arbeide sjølvstendig og i team, og inngå i etabelert arbeidsplan.   Personlege eigenskaparVi søkjer arbeidar med interesse for teamarbeid og omsorgsoppgåver Motivert, serviceinnstilt og fleksibel Vilje til å stå på for gode tenester Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasientane Du må vere strukturert og løysingsorientert Vi tilbyrGod opplæring Lønn etter tariff Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø Kompetanseheving Gode pensjonsordninger KontaktinformasjonRenate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, renate.finnoy@alesund.kommune.no ArbeidsstadAustrevegen 15 6296 Harøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5188107663 Stillingsprosent: 10,8% Fast Søknadsfrist: 16.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.